På studiespesialisering har vi fokus på tre viktige ting:
1 Trivselen til eleven:
- Her er filosofien så enkel at skal du ha læringsutbytte, må du som elev trivst på skulen.
- Vi har derfor gjort ei rekke tiltak for å betre trivselen:
- Skulefrukost for alle mellom 1. og 2. time.
- Fire faste kontaktlærarar på VG1, som jobbar med å inkludere alle i klassen.
- VIP-makkerskap
- Tur på hausten VG1 med teambuilding, rafting mm.
2 Bli studieforberedt
- På stud.spes. er vi opptatt av at elevane som forlèt oss etter tre år skal lykkast i vidare studiar. Hos oss blir du som elev derfor godt trena på ei rekke ting som kjem godt med under vidare studiar:
- Lære å forske - både innanfor samfunnsfaga og realfaga
- Skriva større oppgåver – blant anna vil du skriva ei større oppgåve i historiefaget på vg3, der du lærer å forske på eiga slekt
- Kjeldekritikk og kjeldetilvisningar - du blir trena alle tre åra på å kunna vurdere kjelder og visa kjelder slik det blir gjort på universitetet
- Læra å drøfte og argumentere - både munnleg og skriftleg får du mykje øving i å kunne grunngi eigne synspunkt
3 Valfridom
- Sjølv om vi ikkje er ein stor skule, legg vi stor vekt på at elevane våre skal få mange programfag å velje mellom. Vi har derfor eit breitt utval fag innan både samfunnsfag, realfag og næringslivsfag. Eleven kan velje faga både innan den enkelte "studieretninga" eller på tvers av faga - altså stor fridom.