VG2/VG3 - Næringslivsfag

Har du interesse for næringsliv, økonomi og handel? Kunne du tenke deg å bli økonom eller eigedomsmeklar, starta eiga bedrift eller drive med sal og marknadsføring? Vel du næringslivsfag, vil du møte lærarar med arbeidserfaring innanfor rekneskap/finans, butikk/sal og oppstart av eiga bedrift.

 
Med denne pakken får du solid kompetanse innanfor bedriftsøkonomi. Du kan føre rekneskap, analysere rekneskap, og gjere økonomiske utrekningar for bedrifter. Vel du i tillegg samfunnsfagleg matematikk får du raskt eit solid grunnlag for å gjere gode økonomiske utrekningar.

 

 

 I marknadsføringsfaget vil du lære alt som må gjerast frå du får ein god forretningside, til du driv ei bedrift med faste kundar. Her legg vi vekt på å besøke lokale bedrifter som driv med produksjon, marknadsføring og sal til vanleg. Enkelte av bedriftene vil vi samarbeide med, og til dømes lage marknadsundersøkingar for, eller analysere kundegrunnlaget deira, og komme med forslag til korleis dei kan auke salet sitt.  I tillegg anbefaler vi engelsk. Med engelsk har du eit stort fortrinn både i vidare studiar og seinare jobb, ved at du beherskar det språket som blir stadig meir brukt innanfor det norske næringslivet.

For å få ei mest mogleg realistisk undervisning, vektlegg vi å ha lærarar som sjølv har jobba eller jobbar innan næringslivet. Vel du næringslivsfag vil du møte lærarar med lang erfaring innanfor salsyrket, drift av butikkar, bankverksemd og utvikling av eigne merkevarer.
For å få eit godt grunnlag for vidare studiar, tilbyr vi ein pakke med fag som kan vera gode å ha:

 

For tiden tilbyr vi følgende næringslivsfag: