Driftsoperatør

Driftsoperatørane har mellom anna ansvar for bygningsmassen til skulen og uteareal, og blir leia av Tor Ivar Nordhus.
Driftsoperatørane har kontor saman med IT-avdelinga og renhald i underetasjen .

Vi har ansvaret for nær 10.000 kvadratmeter bygningsmasse tilhøyrande skulen, og der inngår òg ventilasjon, lys, varme, straum og vatn.
I tillegg har skulen òg 4,5 mål med uteområde som skal haldast ved like.


Temperaturen i undervisningsrom skal ideelt sett ligg på 20-21 grader. Blir det varmare enn 22 grader, blir innelufta merkbart dårlegare.
Dette er eit generelt prinsipp for alle dei 14 skulane i fylket, og har både med økonomi og inneklima å gjere.

Til toppen