Biblioteket er her for å hjelpe deg med å finne det du treng av lesestoff, enten det er ei god bok du vil kose deg med, eller fagleg stoff til oppgåvene dine. Biblioteket er òg ein møteplass der du treffer vennene dine, speler spel og slappar av! I tilknyting til biblioteket har vi «stille leserom», der skal det vere heilt stille (noko det sjeldan er på biblioteket).
På biblioteket kan du mellom anna finne:
• Ein god og variert fagseksjon
• Masse gode skjønnlitterære bøker, også lydbøker
• Ei stor filmsamling, med mange gode filmar på DVD
• Vennesla Tidende, Fædrelandsvennen og dessutan varierte tidsskrift
• Eit rikhaldig utval av brettspel og puslespel
• Storskjerm med PS4, og mange PS4-spel
• Koseleg sofakrok
Eg kan hjelpe deg med mellom anna:
• Finne fram i biblioteket og samlinga til biblioteket
• Søke etter informasjon til prosjekt eller andre typar oppgåver
• Finne fram til gode, spennande og morosame bøker/filmar/lydbøker
• Lån av bøker og anna materiale frå andre bibliotek
• Informasjonssøking og kjeldevurdering
Lenke til boksøk
Kontakt biblioteket:
Skulebibliotekar: Anne Erfjord
Facebook: Biblioteket på Vennesla vgs
Telefon: 38 15 24 11