Gjennom skulen kan du søke Statens lånekasse om lån og/eller stipend for maksimum eitt skuleår om gongen. Gå inn på nettsida til Statens lånekasse (www.lanekassen.no) og bruk kodane til MinID for å logge på søknaden. Nærare informasjon kan du få hos rådgivarane.
Når stipendet eller lånet er innvilga vil det bli hengt opp lappar i monteren i vestibylen, og så hentar du det i ekspedisjonen.
Lån og stipend er behovsprøvde, dvs. at inntekta til dine føresette avgjer kor mykje du kan få.
Utstyrsstipend:
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, men for å få det må du søke om stipendet.