Teknologisatsing

I eit arbeidsliv som blir stadig meir teknologisk er det viktigare enn nokon gong å kunne handtere ulike typar teknologi og utstyr. Det er viktigare enn nokon gong å ha både teoretisk og praktisk kunnskap, og å kunne samarbeide med ulike yrkesgrupper.
Som elev ved Vennesla vgs. sørger vi for at elevane får brukt ulik teknologi i skulekvardagen, og at dei får jobbe og samarbeide òg på tvers av studieretningane – Vi veit det gjer dei godt førebudd til møtet med eit krevjande og teknologitungt næringsliv.

 

Studieførebuande

Som elev på studiespesialisering vil du jobba mykje praktisk og lære deg mykje nyttig teknologi. I samfunnsfaga vil du lære å forske på samfunnet, ved å laga digitale spørjeundersøkingar og behandle dataa du får inn i Excel. Du jobbar på mange måtar slik som verkelege forskarar gjer.
Du vil lære å laga gode podcaster og redigere eigne videoar i filmstudio. I naturfag vil du kunna forske på miljøforureining, eller læra å programmere alt frå små leikebilar til avanserte industrirobotar. Vel du Teknologi og forskningslære som fag vil du kunna lære å sveise ulike typar produkt, eller du teiknar dei og printar dei ut i ein av 3D-skrivarane våre.
Siste året vil du lære deg å forske på ein person i din eigen familie, gjennom eit prosjekt i historiefaget. Her lærer du å finne informasjon i ulike typar arkiv - både dei som har papirdokument og dei digitale.

Yrkesfag

Som elev på eit av våre mange yrkesfag vil du få grundig opplæring i aktuell teknologi innanfor fagområdet ditt. Vi satsar tungt på å ha det mest moderne utstyret, enten du går på elektro eller helsefag. I tillegg vil du oppleve å måtte samarbeida med elevar frå både studiespesialisering og andre yrkesfag – noko som gir viktig kompetanse for vidare yrkesliv.
Er du elev innan helse- og oppvekstsfag, vil du få opplæring innan ulike typar teknologiske hjelpemiddel som kan brukast på t.d. sjukeheim eller heime hos eldre. Går du på transport og logistikk, vil du kunne læra å køyre lastebil, truck eller bruke tømmerkran ved hjelp av den toppmoderne køyresimulatoren vår. Som elev på TIP vil du kunne arbeide med den nyinnkjøpte industriroboten vår.
Opplæringa vil vere prega av fokus på arbeidsmetodar som tek omsyn til både arbeidsmiljøet og miljøet omkring – såkalla berekraft. Som elev ved Vennesla vgs. vil du vere attraktiv i næringslivet. Vi ser at dei aller fleste av elevane våre får lærekontrakt etter avslutta yrkesutdanning hos oss.