IT-avdelinga

IT-avdelinga på skulen held til i underetasjen, saman med vaktmeister og reinhald.
Vi hjelper deg med PC-problema dine og har ansvar for at dataanlegget til skulen er operativt til ei kvar tid.

 
Vi driftar IKT-systema til skulen og tilbyr brukarstøtte til alle på skulen.
Vi jobbar dagleg med å halde systema driftsstabile – med sikkerheit og brukarvenleik for auge. Elevar og lærarar som har behov for brukarstøtte kan henvende seg til kontoret vårt i underetasjen, sende inn feil på e-post eller nett.
I vidaregåande skule har bruken av digitale verktøy eksplodert, og alle elevar og lærarar ved Vennesla vidaregåande skule har fått utdelt berbare datamaskiner.
Vi har per i dag ansvar for drift av drygt 800 datamaskiner og sørger for å halda den 
digitale infrastrukturen til skulen oppdatert.
Målet vårt er at velfungerande IKT-løysingar og gode supportrutiner bidreg til å styrke opplæringa i alle fag – samt bidreg til at elevane utviklar ein trygg og god digital kompetanse.

Opningstider: 08.00 –15.30

IT-ansvarlig: Tom Rune Høyåsen