- Trivsel, kunnskap og mangfold

Skolen har gjennom flere år sendt en del utrangert PC-er og utstyr til Cuba, og dette ser virkelig ut til å ha kommet til nytte og glede. Tom Rune som har styrt dette fra skolens side, mottok nylig et takkebrev, som dere kan lese et lite utdrag av her.

Tusen takk for masse data-hjelp til Cuba.

Syklar er mi greie, og eg er vel nærast som analfabet å reikne når det kjem til data. Men det er ikkje tvil om, at når det gjeld hjelp for å få dette landet framover, så er data langt viktigare enn syklar.

...Ein av desse studentane, Victor, fekk ein av lap-topane dine for eit år sidan. Det foregjekk omlag slik: Han var på vitjing hjå “vår” datamann på Cuba. (Alejandro, sonen på basen vår i Playa Baracoa.)

- Har du datamaskin, Victor? spurde eg.

- Nei er du gal, kor skulle eg å fatt i pengar til å kjøpe det?Cuba2

- No treng du ikkje pengar, du kan ta den laptopen som ligg på bordet der.

- Nei, det er ikkje mogeleg. Det er ikkje mogeleg! Nei, det går ikkje an! Er det sant? YES, YES, YES!

Hadde du sett han då han gjekk heim den kvelden med ein laptop under armen der det stod “smelta” inn Vennesla videregående, - hadde du sett at norsk julekveld er berre barnematen.

På bileta ser du mellom anna Leesland som har pakka datautstyret inni plastpresenninga, og så ser du utpakkinga på Cuba no i februar.

På dei tre seiste bileta ser du to som treng noko å bli lagt merke til for, noko anna enn handicapet sitt. Han er fødd med ryggproblem og kan korkje gå eller stå. Kusina er småvokst. Syklar, ja vel, men då dei fekk kvar sin lap-top, var det dei heile landsbyen snakka om.

 

 

 

av Hårtveit, Gustav, publisert 10. april 2015 | Skriv ut siden